Takk og farvel

May 20
Posted by Torodd

Hei hei alle saman. No er det frykteleg lenge sidan me har skrive noko på bloggen vår. Orsak. Det har vore travelt. Men no må eg vel blogga litt.

Rett etter besøket vårt reiste, og invasjonen var over reiste Maria og eg på ekskursjon til Pokot. Me tok buss i eit par timar, og vart henta i Kitale av Richard. Han køyrde oss til Kapenguria Bible Center, ein bibelskule i Kapenguria. Me vart tatt vel imot for å underdriva litt. Me fekk gjort litt av kvart der oppe. Me va på gudstjenesta. Ei heilt fantastisk oppleving. Me var med Teta-prosjektet ein arbeidsdag, der eg fekk vist fram mine, la meg kalla det, evner innanfor husflid.

Etter dette ein gong kom grunnlovsdagen. 17. Mai. Dette var litt av ein dag. Me starta ganske tidleg med vaffelsteiking. Rund seks, halv sju. Dette då melka måtte båd ut av kua, i flaske og kjøpast denne morgonen. Men vaflane vart steikte. Eg og Maria steika på skift, medan me pakka og skifta. Øystein pynta seg. Antar eg.

Me kom oss etter kvart innover mot byen. På vegen leita me etter pin-pop, Byrkjedal, men me fann ikkje nokon der. Det var vårt siste håp, men no er pin-pop umogleg å oppdriva. Orsak. Då me kom til skulen var det tid for feiring der. Me høyrte på kongens mann, og telegram-samtalen deira. Me gjekk i tog. Me leika. Me åt mat og kaker. For ein dag.

Då det lei endå meir ut på dagen reiste me heim til Ambassadøren. Der var me på mottakelse. Det var spennande. Masse viktige folk med dress og privatsjåfør. Og oss. Vanlige. Me drakk gratis brus og fråtsa, hvis det uttrykket kan brukast i denne samanhengen, canapeér.  Joda.

Klokka 5 morgonen etter reiste eg. ”Å sia har ingen sett´n”…

One Comment

  • mamsemums says:

    Kommer til å savne bloggingen din, Torodd!

    Dere har fått mange gode minner – ta godt vare på dem, og hjertelig velkommen til Høland når det måtte passe.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*